Etter vielsen i Høyland kirke, når bryllaupsfølget kjem ut til Solastranden (est. tid ca 14) er det god tid fram til middagen (17.00). På Solastranden Gård har vi ordna litt forfriskningar medan brudeparet tek bilder. Det er godt med boltreplass både inne og ute for denne stunda, noko som passar fint for å helse på nye og gamle kjende. På graset på framsida (som vist på bildet) blir det kubb, frisbee og liknande. Har du høvlege alternativ her (crocket, boccia osv), så ta gjerne med det.
(Strand)lopper i blodet? Ein trask på Solastranda, enten berrføtt eller med høvleg skotøy kan vere ein fin aktiviet.
Om du har skyss, er sjåverdige Sola ruinkyrkje ein fem-minutts biltur unna, fint plassert med utsikt utover havet.
Merk: Gjestane bør vere tilbake i festlokalet klokka 16.00.
Vi håper at dagen dannar ein god intro på ein super kveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar