torsdag 7. juni 2012

Det er DU som er festen!

Vi feirer bryllupsdagen til Karin Synnøve og Øyvind med stil og stas, men det er eigentlig gjestane og ikkje blomane eller lysa som gjer festen!

Enten de er søskenbarn, onkel og tante, vennar eller venninner, kan dykkar bidrag gjere kvelden spesiell og underhaldande! Ein enkel tale, ei god historie, ein song, leik, vits eller sketsj blir kjærkomment som saltmat i ei elles svært søt kaffiøkt. Piano, gitar og mikrofon er tilgjengelig for deg som er musikalsk;)

Ta kontakt med ein av kjøkmeisterane for innslag av alle slag:

Øyvind Hagen (971 58 342, holmebris@gmail.com) og
Magnus Hatløy (400 66 448, mhatloy@gmail.com)

Mvh Hagen og Magnus

Mellom kyrkja og middagen



Etter vielsen i Høyland kirke, når bryllaupsfølget kjem ut til Solastranden (est. tid ca 14) er det god tid fram til middagen (17.00). På Solastranden Gård har vi ordna litt forfriskningar medan brudeparet tek bilder. Det er godt med boltreplass både inne og ute for denne stunda, noko som passar fint for å helse på nye og gamle kjende. På graset på framsida (som vist på bildet) blir det kubb, frisbee og liknande. Har du høvlege alternativ her (crocket, boccia osv), så ta gjerne med det.

(Strand)lopper i blodet? Ein trask på Solastranda, enten berrføtt eller med høvleg skotøy kan vere ein fin aktiviet.

Om du har skyss, er sjåverdige Sola ruinkyrkje ein fem-minutts biltur unna, fint plassert med utsikt utover havet.

Merk: Gjestane bør vere tilbake i festlokalet klokka 16.00.

Vi håper at dagen dannar ein god intro på ein super kveld!

Klede?

No er underteikna og Karin Synnøve på planleggingsveke i Hommersåk. Vi styrer og ordnar. Heldigvis har Karin stålkontroll i planlegginga.

Vi høyrde om eit bryllaup der bruda var så streng på kleskode. Det vil ikkje vi vere. Anten du er mann eller kvinne og tenker at du må ut med mykje pengar til ny dress eller kjole, synes vi likegodt at du kan slå deg til ro med den fine bunaden din om du har det.