søndag 26. februar 2012

Velkommen til bryllaupet vårt!

I skrivande stund er det 118 dagar igjen til jonsokafta (sankthans). Denne midtsommarfesten er kring den lysaste tida i året, og lyse døgn er noko både Karin Synnøve og eg er veldig glade i. I denne anledninga ynskjer vi å ha med deg for å feire med ein ekstra glød vårt bryllaup! Vi er i ferd med å tenne ein flamme og trur at det som skal til for å få denne flammen til å brenne livet ut er velsigning og støtte frå dei vi er glade i.

Du som har motteke invitasjon er ein av dei!
Dagen startar med vielse i Høyland kirke etterpå vert det festmiddag og kaffi på Solastranden gård som ligg nærme Solastranden.

På denne sida kjem meir info etter kvart. Følg med for tips om overnatting, gavelister og andre sprell!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar